Hipp hurra fra Øystese!

En takknemlig deltaker på kurs om vold og trusler gir uttrykk for sine tanker etter et vellykket foredrag.  

Eg kom heim frå jobb, daudtrøytt (ikkje noko nytt, har tre små born som er søvnresistente), og tanken på å reisa ut att føltest frykteleg tung. Eg jobbar som gruppeleiar for to bufellesskap der tenestemottakarane har nedsett funksjonsevne, og har oppmoda alle dei ansatte til å melda seg på, så følte plikt til å møte opp. Før eg reiste, sa eg til mannen min at «dette er jo mi greie, så eg veit ikkje kor mykje eg eigentleg kjem til å lære». Før me flytta til Kvam i 2018, hadde eg budd i Storbritannia i 25 år. I 15 av dei, jobba eg som paramedic i London, og dei siste fire åra jobba eg som forensic paramedic i arresten, så aggresjon var liksom kvardagskost. Eg har både tatt fleire kurs, og i tillegg instruert i konflikthåndtering. Mannen min var deleigar i ei kursbedrift som heitte «Conflict Resolutions Training». Du skjønner kanskje kvifor eg var litt meir arrogant enn det eg kledde. No bur eg i barndomsbygda, Norheimsund, og skulle til Øystese for å læra om konflikthåndtering. Jadda. Sa eg at eg hadde budd i London sidan eg var 13...? 😉

Trøytt i trynet, men tilstades, heilt, heilt bakerst (viss ein ville ha med seg kaffi, måtte ein gå heilt til topps og sitta bak glasgjerdet, fekk ikkje lov å sitje i auditoriumet med drikke!), og så byrja du. Noko av det fyrste du nevnte var kor mange dødsfall i Storbritannia som var forårsaka av personal som hadde omsorgsansvar for pasienten, og dette var noko eg gjenkjente med ein gong. Spesielt frå arresten der stemninga var rimeleg amper til tider. Brått vart dama frå England våken.

Eg vart enormt inspirert av foredraget ditt, du var knallflink og kjekk å høyre på, og eg kjenner at no er eg heilt i fyr og flamme.

Uansett, tusen hjartans takk for ein fantastisk kveld. Eg gler meg til å høyre kva dei ansatte seier i morgon, eg veit at eg har i alle fall reist til Øystese og fått eit fabelaktig fagleg påfyll. Takk.

Med venleg helsing ei no litt meir audmjuk Sara Sandven-Burnett