Austevoll kommune- tilpasset opplegg

Austevoll kommune hadde behov for et tilpasset kursopplegg, og kontaktet derfor Fagakademiet.

Linn-Beathe Suphammer, avdelingsleder ved Eidsbøen bofelleskap, har gitt oss følgende tilbakemeldinger på vårt kurstilbud:

"Kurset Mennesker med psykisk utviklingshemning var spesielt tilpassa våre utfordringar og behov for ny kunnskap og retleiing. Fagakademiet fekk informasjon i forkant samt at dei sjølv var tilstades og observerte for eigne vurderingar av situasjonen. Ut frå dette vart kursopplegget finspissa.

Det var ei storsatsing for arbeidsplassen vår der så og sei alle tilsette og vikarer var tilstades for felles opplæring. Kurset, som var over fire dagar, gav oss eit anna fokus på utfordringane og nye måtar og ikkje minst felles måte å handtere dette på. God kombinasjon av teori og praktiske øvingar. Har opplevd internt i etterkant at medarbeidarar har minna kvarandre på ein del av tipsa vi tileigna oss under kurset.

Vi har opplevd kurset som svært relevant og anbefaler å få tilpassa opplegg til eigen arbeidsstad. Det var eit godt samarbeid med arrangør.

Det var god stemning under kursdagane og dyktige, engasjerte forelesarar. Deltakarane vart inkludert undervegs og det var fin dialog både mellom deltakarar og forelesar."