Fagdag for personlege assistentar

Fagdag for personlege assistentar

Personlege assistentar må kjenne sine plikter og rettar i ei brukarstyrt organisering av den personlege assistansen (BPA). Personlege assistentar får opplæring direkte av sin arbeidsleiar, som skal sikre brukarstyringa og eit godt arbeidsmiljø. Mange arbeidsleiarar og personlege assistentar opplever at det er eit stort utbyte i å gjennomføra kurs om kva BPA-yrket inneber. Det å møta andre personlege assistentar og utforske regelverk og mogelegheiter, er dessutan motiverande for mange.

Personlege assistentar må kjenne sine plikter og rettar i ei brukarstyrt organisering av den personlege assistansen (BPA). Personlege assistentar får opplæring direkte av sin arbeidsleiar, som skal sikre brukarstyringa og eit godt arbeidsmiljø. Mange arbeidsleiarar og personlege assistentar opplever at det er eit stort utbyte i å gjennomføra kurs om kva BPA-yrket inneber. Det å møta andre personlege assistentar og utforske regelverk og mogelegheiter, er dessutan motiverande for mange.

Føremål

• Kurset skal gje deg som har jobba som personleg assistent ei ramme for kva
  brukarstyrt  personleg assistent (BPA) er meint å vera og kva det har blitt i den
  norske velferdsmodellen
• Kurset vil gje deg ein introduksjon til ideologiske modaller, historiske reformar som påverkar yrket    og
   tenestene for funksjonshemma.
• Kurset vil ta føre seg konkrete dilemma og mogelegheiter som ofte kjem fram i BPA-ordningane og    gje
  deg ei styrka stemme i høve til kva du kan medverke i og korleis du kan bruke din
  eigen kompetanse på ein god måte, i samarbeid med den du jobbar med.
• Kurset vil gje deg kompetanse om dine rettar og plikter i jobben.
• Kurset er Fagstigegodkjent hos Fagforbundet

 

Målgruppe

• Medlemmer i Fagforbundet
• Personlege assistentar som jobbar i BPA-ordningar
• Personlege assistentar som jobbar med personleg assistanse der brukarstyringa ikkje er like sterk,    kan
  også ha utbyte av kurset
• Det samme gjeld arbeidssøkande som ynskjer å arbeide med BPA

 

Målgruppe

• Medlemmer i Fagforbundet
• Personlege assistentar som jobbar i BPA-ordningar
• Personlege assistentar som jobbar med personleg assistanse der brukarstyringa ikkje er like sterk,    kan
  også ha utbyte av kurset
• Det samme gjeld arbeidssøkande som ynskjer å arbeide med BPA

 

Innhald

Kurset gjev deg en tryggleik i kva som er venta av deg, kva regelverk som påverkar di stemme, medverknad og teieplikt i møtet med andre aktørar i kryssande arbeidsfelt, og korleis du kan vere med på å syte for at samarbeidande helsepersonell og andre i samfunnet forstår kva brukarstyring dreier seg om.

I BPA -ordninga har den tradisjonelle mottakaren av assistanse gått inn i leiarrollen for sitt eige tenesteliv, har og teke over ansvaret og definisjonsmakta over kva slags assistanse brukarane ynskjer, kven som skal utføre denne, korleis, kortid og kvar ein skal yta assistanse. Nokre gonger er det også en nærståande som leier assistansen til eit familiemedlem (barn, ektefelle, søsken etc.). BPA inneber difor at du jobbar tett på eit menneske, og følgjer med ut i samfunnet slik at brukaren kan leva eit aktivt liv, slik som andre. BPA vert omtala som eit frigjeringsverkty, og dette skal assistentar vere stolte av å ha som yrke!

BPA inneber eit skifte av perspektiv på kva gode tenester kan handle om, kven som skal ha hovudrolla i tenestene, korleis vi skal kommunisera og forstå kvarandre sine verdiar og målet med assistansen for den einskilde og finne fram til eit godt liv med god assistanse. Ikkje minst handlar dette om å samhandle og utforske kva som skapar gode arbeidstilhøve for assistentane og kva slags grunnelement som kan sikra at BPA blir det verktyet det er meint å vera for kvar einskild gjennom auka felles forståing.

 

Program

Kl 10.00 Velkomen. Informasjon frå Fagforbundet, introduksjon til assistentyrket og BPA sin historie, ideologiske forankring og utviklingstrekk for assistentar i Noreg. Menneskesyn og rolleforståing. Helse, omsorg, service.

Kl 10:30 Di rolle, dine evner i eit unikt og personleg yrke. Kva er personleg
assistanse og kva fortel stillingsbeskrivelsen om dine oppgaver? Kvifor fekk
nettopp du jobben?

Kl 11:00 Dine rettar og plikter i jobben. Arbeidsleiaren sine rettar og plikter.
Arbeidsgjevar sitt ansvar.

Kl 11:30 Gruppeoppgåver med felles diskusjon

Kl 12:00 Lunsj

Kl 12:40 Teieplikt, rollespel, etisk refleksjon med dialogkort frå Fagforbundet.

Kl 13:30 Relasjonen til arbeidsgjever og lojalitet i BPA-ordninga når det oppstår
dilemma. Varsle rett tenestevei. Grensesetjing og konfliktløysning

Kl 14:30 Case-oppgåver om HMS og godt arbeidsmiljø og ein god kvardag for
hovedpersonen.

Kl 15:00 BPA i høgtidene, på feriereiser og i kryssande arbeidsfelt med
helse/skulepersonell.

Kl 15:30 Avslutning, evalueringar og kursbevis

Foreleser:

Hege Weimand Larsen

Hun startet BPA-skolen i 2013 med mål om å gjøre BPA til et godt verktøy for alle parter i ordningen. Hege har mastergrad i «funksjonshemming og samfunn» med fokus på BPA-ordningen, og har i mange år jobbet som personlig assistent og i hjemmebaserte tjenester. Hun har vært med på å lage gratis e-læringskurs og BPA-dialogkort i Fagforbundet, skrever håndbøker og holdt kurs og foredrag for arbeidsledere, assistenter, politikere, ledere og saksbehandlere. 

Pris

Kurset er gratis for medlemmer av Fagforbundet, ikkje medlemmer betaler kr 900,-

Dersom ein ikkje møter og ikkje har meldt forfall, vert ein belasta dagpakke kr 580,-

Agenda

Dag 1:

kl 09.00 - 15.30